Opptur 2010

Det blir opptur for 8-klassingane 5 mai 2010

 

Til lærarar og 8.klassingane i Kvinnherad med føresette!

 

Informasjon om OPPTUR 5.mai 2010

 

Turmål:          Nordfjell i husnesfjella

 

Tid:                 5.mai 2010.

                       Start frå Søsterheimen på Valen kl. 09.30

 

Skyss:            Skuleelevane får skyss med buss til Valen til avtalt stad. Elevane møter ved skulen til vanleg tid og følgjer buss vidare dersom ikkje anna er avtala.

 

Kven deltek?

Alle 8.klassingar i Kvinnherad er invitert. Kvar klasse stiller med min. 2 vaksne.

 

Påmelding:

Frist for påmelding er sett til fredag 19.mars 2010

 

 

Løypetraseen går på grusveg i starten og vidare på sti til toppen av Nordfjell. Returen går via Olderbotn og ned att til Søsterheimen, slik at dette vert ein rundtur.

 

Det er viktig at skulen kjenner til løypa og snakkar med elevane om sikkerheit i forkant.

Pris:

Arrangementet vert dekka av Kvinnherad Turlag og kostar ikkje noko for elevane. Kvar skule bidreg med kr. 20,- per elev til busstransport. Turlaget mottek i tillegg sponsormidlar til gjennomføring av arrangementet.

 

Premiering:

Elevane får ei T-skjorte med Opptur-logo ved innlevering av startkort ved mål etter turen.

Dei vert og med i trekking av tre gåvekort à kr. 500,-.

 

Fotokonkurranse:

Deltakarane vert oppmoda om å ta digitale bilde og delta i fotokonkurransen. Meir info finn ein på www.turistforeningen.no/opptur eller www.bergen-turlag.no/opptur

 

 

Mat og drikke:

Alle elevar må ha med seg mat og drikke til turen. For dei aller fleste er dette ein tur som tar rundt 3-4 timar. Difor er det viktig at samtlege har med seg litt ekstra «påfyll» som dei kan eta undervegs. Turlaget lagar til ein stasjon undervegs der elevane får utdelt ei frukt.

Varm drikke og ei god niste kjem med andre ord godt med.

Hugs at «utan drikke og mat – vert ein berre lat».

 

Påkledning:

Hugs at veret kan vera ustabilt, det er difor viktig å kle seg deretter. I sekken bør elevane ha med seg vind og vanntett jakke og bukse. Dessutan er det lurt å ha med seg tørre bytekle dersom ein vert våt og kald. Ull er bra. I vått ver kan enkelte parti vera glatte og sleipe, hugs difor gode sko med solid sole som er berekna til turbruk. Det er ikkje garderobar eller moglegheit for oppbevaring av sekker/klede så dette må elevane bera med seg i sekken.

 

Start og mål:

Opptur startar frå Søsterheimen på Valen kl. 09.30.

Det er ingen tidtaking så elevane kan bruka dagen. Alle må forøvrig vera i mål ved søsterheimen innan kl. 13.30 for busstransport tilbake til skulen.

 

Startkort:

Kontaktperson for kvar klasse leverer ferdig utfylte startkort til sine elevar. Korta skal vera merka med navn og skule. Startkortet fungerer som klippekort undervegs, og skal leverast ved målgang. Vi vil ha postar undervegs der elevane skal klippe ved passering.

 

Løypetrasè:

Turen går til Nordfjell 559 m.o.h.

 

Turen startar frå Søsterheimen, som er ein del av Valen sjukehus. Vi startar på traktorveg med jamn stigning gjennom skogen. Traktorvegen går etter kvart over i sti som er merkt med merkeband. Bedriftsidrettslaget Søral har lagt ut bok ved toppvarden på Nordfjell, og teljingar viser at det er kring 3600 vitjingar i året,

Frå Nordfjell går turen vidare mot vetle Vardhaugen og fram til Vardhaugselet. Selet vart mura opp kring 1860. og her var stølsdrift fram til om lag 1905. I 2002 stod hytta ferdig restaurert av Interesselaget for Vardhaugselet. Det er ei gild hytte som står open for alle heile året. Det er valfritt om elevane vil gå innom selet, vi vil merka ei alternativ rute som går direkte frå Nordfjell til Olderbotnen, denne traseen er om lag 6 km og er litt avkorta.

 

Bilder frå turen vert lagt ut på www.bergen-turlag.no/opptur