Studie besøk/Study visit

Informasjon om Husnes ungdomsskule.
(Information about Husnes lower secondary school)
To read this in English, go to this page: www.kvinnherad.kommune.no and use the program for translation.

INFORMASJON OM HUSNES UNGDOMSSKULE.
 
Lokalsamfunnet.
Skulen er lokalisert på Husnes, den største tettstaden i Kvinnherad kommune. Husnes-samfunnet utvikla seg raskt med etableringa av Sør- Norge Aluminium i 1962. Verket vart sett i drift i 1965 og har sidan vore eit lokomotiv for industri- og næringslivet i kommunen. Men, som elles i verda, har finanskrisa også råka denne verksemda og for tida er halvparten av dei om lag 500 tilsette permitterte. Det seier seg sjølv at Husnes-samfunnet med eit innbyggjartal på 2400 er særs avhengige av denne verksemda. Såleis er det knytt mykje spenning til kva som skjer vidare med denne hjørnesteinsbedrifta. 
 
I samband med oppstart av Sør- Norge Aluminium, auka folketalet monaleg . Verksemda hadde trong for arbeidsfolk og det kom mange tilflyttarar. Såleis bar det til at Husnes vart eit tungt industrisamfunn. Husnes-samfunnet og bygdene omkring, sjølv om mykje har jamna seg ut på desse  åra, ber nok framleis preg av at det på kort tid kom mange tilflyttare hit for å jobba på verket. Det er og slik at tal foreldre som har høgre utdanning er lågare her enn landssnittet.
 
Elevar.
Husnes ungdomsskule er den største i kommunen og tek imot  elevar  frå 5 ulike barneskular  i alderen 14 til 16 år fordelt på 8., 9., og 10 trinn. No i vår er me 294 elevar  fordelt i 11 klassar. Til hausten vert me godt 300 elevar fordelt i 12 klassar. Det er ei 
samansett elevgruppe der dei aller fleste elevane tilpassar seg skulen og samfunnet sine krav, normer og rutinar både fagleg og sosialt. Men, det kan ikkje løynast at skulen har elevar som er særs utfordrande og krevjande.  I grunnskulen i Noreg er det eit overordna prinsipp at alle elevar skal gå i skule under same tak; altså full integrering. Det må understrekast at alle elevar er  likeverdige , men det er særs utfordrande å gje ei tilpassa og adekvat opplæring innanfor skulen si ordinære ramme.
 
Skulen har eiga avdeling, Solsida som ho vert kalla, for elevar med sterke funksjonshemmingar. Dette er ei avdeling som skulen har all grunn til å vera stolte over, og kan hende er dette ei avdeling som kan tilby plassar for born frå andre deler av kommunen enn dei som tradisjonelt soknar til Husnes ungdomsskule?
 
Me har avtalar både med helsesøster, psykisk helsearbeidar og utekontakten om kontortid på skulen. Dette gjer at elevar som slit har eit lågterskeltilbod til desse tenestene. Me veit at mange elevar nyttar desse tilboda og er glade for at dei er der. 
 
Læringsmiljøet.
Gjennom heile skuleåret har lærarane elevsamtalar med elevane. Me har og etterkvart teke til med såkalla utviklingssamtalar, og til skilnad frå elevsamtalane er dette samtalar tufta på fag og fagleg utvikling. Eit vesentleg poeng med desse samtalane er å gje elevane ei systematisk og strukturert undevegsvurdering, og tilbakemelding på kvar dei står reint fagleg i høve til kompetansemåla i faga. 
 
Hausten 2009 vart vurderingsforskrifta endra. Det vart fokusert mykje på vurdering for læring, eigenvurdering og ikkje minst undervegsvurdering. Forsking peiker på at god vurdering har mykje å seia for læringsutbytet til elevane. Skulen har arbeidd mykje med dette temaet.  Me har hatt to dagars kurs med Gyldendal og me har vore på studietur til Danmark.
Skulen jobbar aktivt med å betra læringsutbyte og læringsmiljøet. Resultatet av dette arbeidet må målast over tid, då det frå år til år vil vera store variasjonar i elevflokken. Resultata i år frå dei nasjonale prøvane i rekning, lesing og engelsk lesing på 8. trinn er ikkje tilfredsstillande, og då særleg ikkje i norsk lesing. Me har saman med avgjevarskulane gått gjennom resultata og  reflektert over resultata og kva som må gjerast for å betra desse. Til sjuande og sist, det er vel det som vert ståande i statistikken, er det avgangskarakterane me vert målte på. Her var resultata både i norsk hovudmål og norsk sidemål på line med og betre enn tidlegara. Diverre gjekk me tilbake i matematikk, medan engelsk skriftleg hadde stor framgong. I munnleg klarer elevane seg jamt over særs godt. 
 
Så må det sterkt understrekast: karakterane syner berre det som er målbart. For å meistra livet, i brei tyding av omgrepet, er dei ikkje målbare dugleikane minst lika viktige. Og desse dugleikane nyttar me og mykje tid, ressursar og krefter på. 
 
Personalet.
Skulen har ein flott stab medarbeidarar, men det uroar meg at mange gjev utrykk for at arbeidsdagen krev eit høgre og høgre tempo. Krav om dokumentasjon som krev mykje byråkrati,  krevjande elevar, mykje styr og  ekstraarbeid med avvikling av prøvar og eksamen med pålagt bruk av dataverktøy som ofte ikkje fungerer som det skal, er nok dei viktigaste grunnane til at arbeidsdagen for mange opplevast slik. Opp i alt dette er det likevel slik at dei tilsette i det store og heile gjev utrykk for at dei trivst med arbeidet sitt. Eit lågt sjukefråvær underbygger kan hende dette.
 
Dei tilsette  står på for å gje elevane eit best mogeleg tilbod. Me har framleis ein god blanding av både kjønn og alder, og det meiner eg er eit   gode. Det er likevel slik at skulen har eit stort fleirtal av kvinnelege arbeidstakarar. Skulen har totalt 46 personar på lønningslista. Av desse er det 35 pedagogar, 8 assistentar, 2 vernepleiarar og 1 kontorsekretær/ sakshandsamar. Dette utgjer 32 lærarårsverk, 5.7 årsverk assistentar, 1.8 årsverk vernepleiarar og 1 årsverk merkantilt. Alle tilsette har fokus på at kvar einskild elev får ta ut maksimalt av sitt læringspotensiale både fagleg og sosialt.
 
Organisering av undervisninga.
Skulen er bygd tidleg på 70- talet. Seinare har det vorte gjort to store utbyggingar/ utbetringar. Det er spesialrom for mat&helse, musikk, kunst&handverk, naturfag og kroppsøving. Elles er det tradisjonelle klasserom med tilhøyrande grupperom. Skulen har og eit bibliotek som diverre har vore lite påakta dei seinare åra.
 
Det er mellom 25 og 30 elevar i kvar klasse. Kvar klasse vert leia av to kontaktlærar som har ansvaret for oppfylging av halvparten av elevane kvar. Ved samsetjing av nye klassar vert det teke omsyn til sosiale og personlege føresetnadar, men det vert ikkje teke omsyn til fagleg nivå; altså ikkje delt inn etter faglege ressursar.
 
Me nyttar mest tradisjonell klasseromundervisning. Elevane arbeidar etter vekeplanar der måla for perioden står. Til vanleg har elevane heimelekser. Elevar  som har vedtak om spesialundervisning  er i kjernefaga matematikk, norsk og engelsk saman i mindre undervisningsgrupper. Gruppene er ikkje aldersblanda, men sett saman av elevar frå same klassetrinn.
 
Skuledagen har 6 undervisningstimar a`45 minuttar, i alt 30 timar i veka.  Det er kvar dag ein lengre matpause midt på dagen, men elevane får ikkje skulemat. Dei må ha matpakke med heimanfrå. Diverse meieriprodukt kan dei få kjøpa på skulen, og dei får kvar dag ei frukt. 
 
Fag- og timefordeling.
Matematikk, norsk og engelsk utgjer det me kallar for kjernefaga. Tabellen nedanfor syner kva fag det vert undervist i på ungdomstrinnet og kor mange timar dei har: 
 
RLE                         157 Samfunnsfag            256 Utdanningsvalg                                             113
Norsk                       398 Kunst&handverk      150 Elevrådsarbeid                                                71
Matematikk             313 Musikk                       85 Framandspråk/fagleg fordjuping                  227
Naturfag                  256 Mat&helse                 85
Engelsk                   227 Kroppsøving            228
Tilsaman på 8., 9. og 10 trinnet 2566 timar a`60 min. Omrekna til 45 min timar vert det 3422.
 
Arbeidstid og kompetansekrav.
Lærarane på ungdomstrinnet har i snitt 23.3 timar undervisning i veka. Utanom tid til undervisning er det sett av tid til pedagogisk utviklingsarbeid, faglege møter, møter på trinna, felles møter, foreldrekonferansar, utviklingssamtalar med elevar  m.m. Tilsaman er lærarane i heil stilling, etter avtale med fagforeininga, bundne til skulen 33 timar i veka.
 
Det er no krav om at lærarane må ha  60 studiepoeng for å kunna undervisa i norsk, matematikk og engelsk på ungdomstrinnet. Det har alltid vore ynskje om at lærarane skal ha stor fagleg kompetanse i faga dei underviser i, men skilnaden er at no er det formalisert. Til skilnad frå barnetrinnet der ein lærar ofte underviser i flest mogeleg fag i sin klasse, har ein på ungdomstrinnet på tvers av klassar så langt råd er nytta faglærar i undervisninga.
 
Organisering av verksemda.
Kvinnherad kommune er ein tonivåkommune. Det inneber at rektor som leiar på skulen har rådmannen sine fullmakter. Dette inneber mellom anna at han i tillegg til det  pedagogiske ansvaret også har alt personalansvar samt det økonomiske ansvaret. Skulen har eit budsjett på 24 450 000 kr. Det er mange fordeler med denne organiseringa av drifta , men det er ein viss fare for ar rektor ikkje får nok tid å arbeida med den faglege/ pedagogiske drifta.
 
Administrasjonen på skulen er bygd opp med rektor som øvste leiar. Inspektør er nestkommanderande og rektor sin næraste medarbeidar. På den merkantile sida er det ein heil stilling som skulesekretær. Vidare har skulen to rådgjevarar. Ein for utdanning- og yrkesrettleiing og ein som har hovudansvar som sosialrådgjevar.  Og endeleg har kvart trinn ein trinnleiar som har ansvaret for planlegging  m.m. på sine respektive trinn. 
 
 
Carl Olav Vaaga
rektor